Heimabrygging på Voss og omland

Me på Voss Gass skaper no eit miljø for heimabryggarar på Voss og omland. Kom gjerne innom vår butikk i Strandavegen 169 i Skulestadmo, der me sel både gass og bryggeutstyr. Ein oversikt over kva me har av gass og anna utstyr kan du finne på www.vossgass.no.

Bestilling

Nyhet! Du kan no bestille humle og malt rett frå nettsida. Bestiller du før du kjem, kan du hente malten ferdig knust hjå oss når du ynskjer det. Bestillingssida finn du her.

Fremsidebilde

Råvarer

Me har mange typer malt, gjær, humle og andre ingrediensar for å laga eit godt brygg. Enten det er tradisjonelt heimabrygg eller meir moderne brygging. Sjå vårt utvalg i menyen til venstre.

Fylling av CO2-flasker

Me fyller også CO2 på tomme flasker. Flaskene må helst være kalde/frosne for å få på mest mulig.

Utstyr

I tillegg har me som regel det meste av nødvendig bryggeutstyr på lager. Blant anna CO2, Corneliusfat, regulatorar, slangar, koblingar, kjølarar, panner og mykje anna.

Me håpar at de som er våre kundar, gjev oss dykkar ynskjer om kva me bør ha på lager til einkvar tid. Me har skaffa oss nokon gode leverandørar, men som alt anna handlar det ofte om volum for å få dei rette prisane. Difor vil mykje bli bestilt etter kvantum og behov.

Det kan medføra at nokre varer kan bli litt dyrare hjå oss enn våre konkurrentar på nett, men om våre kundar er lojale og ynskjer eit slikt tilbud vil me konkurerra på litt sikt.

Det viktigaste blir jo at me har det rette utstyret og ingrediensane som trengst og då er me avhengige av hjelp frå dykk. På denne måten vil me kunne ha rett vareutval til rett pris.

Vi bestiller etter ynskje frå www.bryggselv.no.

Søk i alle varer

Her kan du søke i alle varer, både for www.vossgass.no og for www.heimabrygg.no. Du vil då bli sendt vidare til vossgass.no, der du kan søke i heile vårt varesortiment.

Lyoness lojalitetsprogram

Lyoness Gif

Ynskjer du 7% ekstra fordel på din bestilling? Som medlem i Lyoness får du fordelen kvar gong du handler og når du handler hjå andre med samme fordelskort. Registrer deg her og hent kortet i butikken når det passer deg!